fredag 16. mars 2018

Dei som vaktar



stille ventande
svevar dei kvite blodcellene rundt
gjennom straumen

organismen skal vidare
kravlande, springande, symjande
over jordkloden

alle som stikk kjeppar i hjula
så maskineriet vert truga
og ferda sakkar farta det aller minste,
vert eliminerte –

men mennesket
som samfunn er vi annleis –
møter støyskaparane
på eit høgare plan
der alt det mekaniske
            kjem til kort

2 kommentarer: